Historie

dronefoto av skolen

Skulen fekk tilbygg og oppussing i 2018. Lokala våre er moderne og fine med digitale tavler alle klasserom, ny idrettshall, basishall, treningsrom, kantine og bibliotek. Skulen har tre etasjar i den gamle og fire i den nye delen. Bygget har to heisar og fire ulike inngangsparti.

Historikk, to skular blir til ein

Som ein del av skolebruksplanen for Hordaland vart det bestemt å samle det Studiespesialiserande utdanningstilbodet i Åsane bydel på Tertnes vidaregåande skule. Skulen skulle dimensjonerast for 735 elever og 90 tilsette og måtte derfor byggast ut med eit nytt tilbygg. - inkludert ny idrettshall, bibliotek og kantine. I dag har skulen 520 elevar fordelt på 18 klassar og  ca. 60 tilsette i skulebygget som stod ferdig i 2018.

I tillegg til prosess med bygging innebar vedtaket i skulebruksplanen ei omorganisering av det studiespesialiserande tilbodet i Åsane bydel. Tilbodet ved U. Pihl og Tertnes skulle samlokaliserast. Tilsette og elevar ved dei to skulane skulle samlast under eit tak og bli ein samla flokk.  Omorganiseringa har ført to skular med eigne historier saman.

Historia for U. Pihl videregående skole starta i 1848 ved at Madam Henriette Meyer oppretta formiddagsskole for pikebarn i heimen sin i Nykirkealmenningen 13. I 1865 overtok niesa til Henriette Meyer drifta og skulen fekk namnet, Ulrike Pihl skole.  Hordaland Fylkeskommune overtok skulen i 1972. I august 1988 vart skulen flytta frå Bergen sentrum til eit nytt bygg i Åsane. Røtene til Tertnes går tilbake til 1953 då det vart oppretta realskule i Åsane og i 1964 vart Åsane gymnas oppretta. I 2007 skifta Åsane gymnas namn til Tertnes videregående skole.

Faga og innhaldet har i store delar av skulane si historie vore ei opplæring som skal gje elevane kompetanse til å studere vidare på universitet og høgskular. Så når vi tek mål av oss å vere det beste skulealternativet og 1. valet for ungdommane i Åsane bydel som ynskjer å gå studiespesialisering har vi eit solid grunnlag å stå på og bygge videre på.

 

Skulebygget

Skulen fekk tilbygg og oppussing i 2018. Lokala våre er moderne og fine med digitale tavler alle klasserom, ny idrettshall, basishall, treningsrom, kantine og bibliotek. Skulen har tre etasjar i den gamle og fire i den nye delen. Bygget har to heisar og fire ulike inngangsparti.

Vi har eit stort fellesområde der de elevar kan samlast i friminutt og fritimar dette dannar ei fin ramme for eit godt skulemiljø der alle kan trivast. Det er små sittenisjar ulike plassar i bygget der ein kan ta pausar eller jobbe saman med andre. Elevar og tilsette har tilgang til treningsromma utanom undervisning og kantina er open frå skulestart til ca. kl. 1300. Her kan ein kjøpe sunn og god mat til ein rimeleg penge. På biblioteket kan de møtast å spele eit spel i ei fristund eller de kan sitte å jobbe med skulearbeid. Uteområdet til skulen er stort og luftig, med benkar og to uteterrasar. I vårhalvåret er det lagt til rette for ballspel ute.