Tertnes vgs har fått i oppdrag å starte eit opplæringstilbod for ukrainske ungdommar som har komme eller kjem til Bergen som flyktningar.
I første omgang er det to klassar (ca. 60 elevar) som skal ha undervisning. Faga dei skal ha er norsk, samfunnsfag, engelsk, matematikk og kroppsøving. Dei første elevane begynte veke 13, dei andre veke 14. Fokuset første skuleveke var å ønske elevane velkommen, bli kjent og introdusere skulen.
Det er ei viktig oppgåve vi som skule har fått, og vi er både imponert og rørt over engasjementet elevane våre viser for at dei ukrainske ungdommane føler seg velkommen og inkludert i skulemiljøet på Tertnes.
Les mer på Vestland Fylkeskommunes nettside
Fyrste veke med ukrainske elevar

+
-
Se større bilde

+
-
Se større bilde

+
-
Se større bilde
Bruk piltastene til å bla i bildene