Hopp til hovedinnhold

Elevrådet

Elevrådstyret

Elevrådet representerer elevane på skulen

Elevrådet har ei viktig stemme på skulen og består av engasjerte medlemmer som fremmer og ivaretar elevane sine interesser. Dei jobbar aktivt for at elevane skal ha eit godt og inkluderande læringsmiljø.

Ved skulestart er elevrådet med og arrangerer bli kjent- aktiviteter for dei nye elevane, blant anna rebusløp, faddergruppe og språkkafè. Gjennom skuleåret lagar dei ulike sosiale arrangement og trivselstiltak på skulen, til dømes bingo, kahoot, sportsturneringar og markering av halloween, valentinsdagen osv.

Kvar klasse vel ein representant og ein vara til elevrådet. I klassens time (kvar veke) kan elevane ta opp saker som skal vidare til elevrådet. Elevrådstyret er ansvarleg for elevrådet si drift, og har eit tett samarbeid med leiinga på skulen.