Studiespesialisering med toppidrett er eit tilbod for deg som ønskjer å satse for fullt på idretten din og samstundes ta ei utdanning. Målet er å legge til rette for prestasjonar på internasjonalt nivå.
Dette utdanningstilbodet er eit samarbeid mellom Olympiatoppen Vest-Norge og Vestland fylkeskommune. Studiespesialisering med toppidrett er eit tilbod for deg som ynskjer å satse for fullt på idretten din samstundes som du tar utdanning. Målet er å legge til rette for prestasjonar på internasjonalt nivå. Du søkjer for eitt år om gongen, og søknaden blir vurdert av Olympiatoppen Vest-Norge i samarbeid med Vestland fylkeskommune.
Toppidrettslinja for sommaridrettane inngår som ein del av utdanningsprogram for studiespesialisering ved skulen vår. Du kan velje mellom programområde for Realfag eller Språk, samfunnsfag og økonomi.
I tillegg til fag på timeplanen får elevane trene mellom 10 og 12 timar i veka. I tillegg vil det vere både veke-, dag- og temasamlingar og trening med klubben om ettermiddagen. Trenarane på linja er tilsett av Olympiatoppen Vest-Norge som òg har det idrettsfaglege ansvaret for treninga. Trening, trenarar og utøvarar blir kvalitetssikra gjennom Olympiatoppen Vest-Norge og dei enkelte særkrinsane.