Hopp til hovedinnhold

Tertnes: Tanke-Trivsel-Takhøgd

Bilde fra fellesområdet inne på skolen

Visjonen til skulen; Tanke-Trivsel-Takhøgd skal inspirere til læring og utvikling for elevar og tilsette.

Kven er vi?

Det beste skulealternativet og fyrste valet for ungdommar i Åsane bydel og områda rundt som ynskjer å gå studiespesialisering.
Vi er passe store med 520 elevar og 60 tilsette.
Vi er stor nok til å ha eit bredt programfagstilbod og små nok til at vi blir godt kjent med deg som elev.
Lokala er moderne og fine med digitale-tavler i alle klasserom, ny idrettshall, treningsrom, kantine og bibliotek.
Fellesområdet er stort og luftig der elevrådet arrangere felles aktivitetar for alle.
Skulen ligg sentralt i Åsane med gode bussforbindelsar.

Skulens visjon

Gjennom undervisning i faga og andre aktivitetar i skulekvardagen skal vi legge til rette for din læring og utvikling. Kritisk tenking rundt ulike tema i faga, åleine eller i lag med andre, skal gje nettopp deg eit godt grunnlag for videre læring og utvikling. Gode arbeidsvanar, aktiv deltaking og positive haldningar til læringsarbeidet er viktige for at vi skal lukkast. I tillegg til dette er det viktig at elevar og tilsette skal trivast. Vi skal saman jobbe for eit inkluderande lærings- og arbeidsmiljø der vi har ein skulekultur der mangfald er godteke og respektert slik at nettopp du får lov til å vere deg sjølv i fellesskapet vårt.

  • Ordet tanke gir assosiasjonar til kjerneverksemda i skulen, som er læring i vid forstand, enten dette skjer åleine hjå den enkelt eller i lag med andre.
  • Eit viktig mål for skulen er at elevar og tilsette skal trivast og oppleve trygge og gode forhold. Alle skal møte eit inkluderande, raust og støttande lærings- og arbeidsmiljø.
  • God takhøgd kan bidra til å utvikle ein skulekultur der mangfald er godteke og respektert, og der ulike stemmer får lov til å komme til uttrykk og bli høyrde

 

Logoen til Miljøfyrtårn