Hopp til hovedinnhold

Biblioteket

Bibliotekets sosiale rom

Biblioteket er ope kvar dag 08:00 - 15:30

På det nye og moderne skulebiblioteket vårt finn du Ole Johannes som er klar for å hjelpe deg med å låne bøker, brettspel eller eit av skulen sine bordtennisbord. På biblioteket kan du gjere skulearbeid på eit stillerom eller spille spill og slappe av i sofaen.

Biblioteket finn du i 1. etasje ved inngang D og Ulrike Pihl auditorium. 

Utlånstida er 28 dagar for bøker, sju dagar for filmar/seriar og ein dag for datamaskin. Lån kan fornyast.

Lånekontrakt

Når du startar på skulen må du skrive under ein lånekontrakt. Er du under 18 år må også føresette signere kontrakten. Du kan då låne skulebøker gratis.

Lånekontrakt via IDporten

 

Nye elevar signerer kontrakt for lån av bøker på ALTINN med MIN-ID. Det er ikkje krav om at foreldre må signere for elevar som har fylt 15 år. Det er berre elevar som har signert kontrakt som kan få utdelt lærebøker. For at bibliotekar skal kunne kontrollere om elevane faktisk har fylt ut og signert kontrakt, må eleven vise kvittering frå ALTINN eller vise fram kvittering på mobil.  

Signert kontrakt blir lagra i elektronisk i arkivsystem (E-PHORTE) i elevmappe og gjeld alle åra ein er elev i Vestland fylkeskommune. Elevar vil framleis måtte få nasjonalt lånekort hjå bibliotekar for å kunne låne andre bøker. Informasjon om låneordninga eleven får tilgang til, ser slik ut når dei loggar seg inn for å signere: «Lånekort I samband med utlån av lærebøker får eleven tildelt nasjonalt lånekort, eller kan nytte nasjonalt lånekort frå eit anna bibliotek. Nokre skular har nasjonalt lånekort inkludert i ID-kortet til elevane.

Reglar for utlån av lærebøker og/eller bibliotekbøker:

1.Tilbakelevering Det utlånte materialet skal leverast tilbake innan avtalt innleveringsfrist, seinast siste skuledag kvart skuleår. Dersom eleven sluttar eller byter skule, skal det utlånte materialet leverast tilbake omgåande. Eleven må levere tilbake det same eksemplaret som vart lånt ut. Bøkene skal leverast på skulen der bøkene er lånt.

  1. Tilstand Det utlånte materialet skal leverast tilbake i same tilstand som ved utlån, med unntak av normal slitasje. Dette inneber at bøkene skal vere reine, vere utan skrift, markeringar eller liknande og at strekkoden skal vere heil. Eleven kan likevel skrive namnet sitt på innsida av permen på lærebøkene.
  2. Erstatningsansvar Ved brot på reglane over er eleven erstatningsansvarleg for kostnaden ved å erstatte det utlånte materialet. Tapt/øydelagt materiale skal erstattast med innkjøpspris for nytt eksemplar. Ved erstatningsansvar vil det bli sendt faktura på det aktuelle beløpet til elev/føresett. Faktura vert ikkje trekt tilbake sjølv om det utlånte materialet seinare vert levert inn. Dersom faktura ikkje vert betalt, vil kravet gå til inkasso». Gjer elevane merksame på at strekkoden på kvar bok er registrert på elevens namn. Elevane skal skrive namnet sitt og gjeldande skuleår med penn inni permen på kvar bok. Vi får stadig diskusjonar med elevar som påstår at dei har levert inn bøkene sine, og så har dei eigentleg levert inn bøkene til ein medelev. Alle elevar som ikkje leverte inn lånebøker i vår, fekk diverse sms-ar om purring på levering. Når brev blir sendt, vil det vere informasjon om at bøker som ikkje blir leverte inn innan oppgitt frist, blir fakturert. Når faktura er sendt, blir ikkje beløpet kreditert. Aktuelle kontaktlærarar får kopi av oversiktslista til utlevering til elevane det gjeld. Dersom faktura ikkje blir betalt, vil det komme inkassovarsel.

 

Søketips for katalogen

  • Bruk generelle ord. Begynn med eit enkelt søk og avgrens søket om det blir for mange treff.
  • Avgrens søka i menyen til høgre, du kan mellom anna velje berre å få opp treff på bokmål eller nynorsk, skjønnlitteratur og fysiske bøker.
  • Leitar du etter fagbøker, vil du avgrense søket med "ikkje skjønnlit." under litteraturtype i avgrensingsvala. 

 

Søk i bibliotekets katalog

 

Bilde av appen Bookbites

Lån digitalt med Bookbites

Lån e-bøker og lydbøker gratis fra biblioteket via Bookbites.

 

 

 

Bibliotekar

Bibliotekaren er på skolen hver dag 08.00 - 15:30.

Til tider vil bibliotekaren være på andre steder på bygget. Om du trenger hjelp, er det bare å ringe!

Ole Johannes Wathle

spesialbibliotekar
Ole_Johannes Wathle.jpg