Studiespesialisering

_MG_7392.jpg

Er du interessert i teoretiske fag og ønskjer å studere ved universitet eller høgskule seinare? Då kan du velje studiespesialisering. Utdanninga er treårig og fører fram til generell studiekompetanse. Du kan òg velje fag som gir spesiell studiekompetanse.

Generell studiekompetanse gjev grunnlag for opptak til dei fleste studiar. For utdanningar som t.d. lege, tannlege, veterinær eller ingeniør er det krav om fordjuping i matematikk og andre realfag. Dette kallar vi spesiell studiekompetanse.  Les meir om generell studiekompetanse og spesielle krav her.

Utdanningsprogram for studiespesialisering passar godt for deg som trivst med teoretiske fag og har planar om videre utdanning på universitet eller høgskule. Studiespesialisering legg eit solid grunnlaget for vidare studiar på universitet og høgskule, både i Noreg og i utlandet.

Tertnes kan tilby dei aller fleste fag og kombinasjonar på studiespesialiserande programområde. Dette betyr at du som elev kan velje mellom mange fag slik at du kan fordjupe deg i fagområde som du er interessert i - enten du likar språk, samfunnsfag, økonomi eller ulike realfag.

Meir om studiespesialisering på vilbli.no

Vg1

På Vg1 er klassen samla i dei fleste timane. Unnataka er i framandspråk, matematikk. Det fyrste året jobbar vi med å få gode rutinar og skape eit godt klassemiljø. Det er to kontaktlærarar i kvar klasse. Vi har ein time kvar veke som vi har kalla klassenstime der kontaktlærarane og klassen kan diskutere saker får elevrådet, klassemiljø mm.

Framandspråk

På Vg1 må du velje eitt framandspråk i tillegg til engelsk. Det språket du vel på Vg1 må du også ha på Vg2. Tertnes tilbyr opplæring i spansk, tysk, fransk og Italiensk. Dersom du hadde tysk, fransk eller spansk på ungdomskulen kan du halde fram med desse på Tertnes. For dei som ikkje hadde språk på ungdomsskulen eller som ynskjer eit omval i språk tilbyr vi tysk eller Italiensk. Har du ikkje hatt framandspråk på ungdomskulen må du ha framandspråk på Vg3 og.

Matematikk

Du kan velje om du til ta 1P- eller 1T-matematikk. Begge har like mange timar, men varierer med omsyn til innhald. P-matematikk er meir praktisk medan T-matematikk er meir teoretisk.

Vg2 og Vg3

På Vg2-året byrjar du å velje programfag. Du kan velje å fordjupe deg i fag innan språk, samfunnsfag, økonomi eller innan realfag. Sjå peikarane under til dei to programområda.

  • Realfag
  • Språk, samfunnsfag og økonomi

Både språk, samfunnsfag, økonomifag og realfag gjev deg gode moglegheiter til å påverke og utvikle samfunnet vårt mot ei berekraftig framtid på mange område.

I tillegg til matematikk 2P, matematikk S1 eller matematikk R1, treng du tre programfag. To av dei programfaga du har på Vg2 innanfor det same programområde, skal du fortsette med i Vg3.

Nokre elevar vel å ta Vg2 som utvekslingselev i utlandet. Det er viktig at du avklarar med rådgivar eller avdelingsleiar kva for reglar som gjeld for godkjenning av fag du tar i utlandet.

Frå hausten 2021 gjeld fordjuping i matematikk R1 og R2 og matematikk S1 og S2 som fordjuping i samfunnsfag på same måtte som i realfag.

Du kan velje mellom desse programfaga:

Realfag

 

Matematikk:

Matematikk S1
Matematikk S2

Fysikk:

Fysikk 1
Fysikk 2

Kjemi:

Kjemi 1
Kjemi 2

Biologi:

Biologi 1
Biologi 2

Andre realfag:

Geofag 1  
Programmering og Modellering X

Breddeidrett  

 

 

 

 

 

 

Språk, samfunnsfag og økonomi:

 

Engelsk:

Engelsk 1
Engelsk 2

Politikk, individ og samfunn:

Sosiologi og Sosialantropologi 
Sosialkunnskap

Rettslære:

Rettslære 1
Rettslære 2

Psykologi:

Psykologi 1
Psykologi 2

Historie og Filosofi:

Historie og Filosofi1
Historie og Filosofi 2

Næringslivsøkonomi:

Økonomistyring
Økonomi og Ledelse

Samfunnsøkonomi:

Samfunnsøkonomi 1
Samfunnsøkonomi 2

Markedsføring og Ledelse:

Markedsføring og Ledelse 1
Markedsføring og Ledelse 2