Hopp til hovedinnhold

Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta i dialog med elevar

Skulehelsetenesta finn du i andre etasje i nybygget. Gå gjennom kantina mot idrettshallen og ta til høgre, eller ta trapp/heis frå fyrste etasje ved inngongen til idrettshallen og ta til venstre.

Skulehelsetenesta sitt venterom

Skulehelsetenesta blir gjerne kalla barn og unge si bedriftshelseteneste. Dette er ei gratis, lett tilgjengeleg drop-in teneste på skulen. Skulehelsetenesta tilbyr rettleiing, helseundersøking, vaksinering, oppfølging og kan gje vidare tilvising til andre helsetenester. Skulehelsetenesta har teieplikt, men samarbeider med heim, skule og andre hjelpeapparat der dette er ynskjeleg eller naudsynt. 

Skulehelsetenesta gir tilbod til alle elevane på skulen.

Vi som jobbar her

Helsesjukepleiar Linda Bratland Lund (til stades måndag, tysdag, torsdag)            

Helsesjukepleiar  Marit Suzanne Daibes (til stades tysdag og fredag)

Psykolog Rigmor Anita Dos Santos/ Susanne Yksnøy  (etter avtale gjennom helsesjukepleiar)

Du kan sjølv oppsøke oss om du har spørsmål eller treng nokon å snakke med.                                      

Vi kan hjelpe med bl.a.:

  • Livsstil: søvn, fysisk aktivitet, kosthald, tobakk og rusmiddel
  • Kroppslege plager
  • Trivsel og psykisk helse (eks: depresjon, angst eller sinne)
  • Spørsmål om seksualitet
  • Prevensjonsrettleiing og resept på hormonell prevensjon
  • Vektproblem, vanskar med mat og eting
  • Rusmiddelbruk hos deg sjølv eller nokon du kjenner
  • Bruk av anabole steroid
  • Vald, eller overgrep

Kontakt oss på: tlf 94 50 19 12   eller send melding på Helsenorge.no. Vi svarar på meldingar alle kvardagar, også når vi ikkje er til stades på skulen. Du kan også komme innom kontoret vårt utan å ha time på førehand.