Hopp til hovedinnhold

Programfag til val

Viss du ikkje vel matematikk som programfag (R1), må du ta matematikk 2P. Faget kan veljast dersom du har hatt 1P eller 1T på Vg1.

Matematikk 2P passar for deg som vil lære korleis matematikk blir brukt i kvardagen, i arbeidslivet og i samfunnet. Faget legg stor vekt på å sjå samanhengar og utvikle kritisk tenking, slik at du kan ta gode og gjennomtenkte val i eige liv.

Faget er på mange måtar delt opp i fem sentrale tema:

  1. Prosentrekning: Her lærer du å bruke prosent, prosentpoeng og vekstfaktor.
  2. Likningar og ulikskapar: Her lærer du å utforske ulike strategiar for å løyse både likningar, likningssystem og ulikskapar.
  3. Økonomi: Her lærer du alt du treng å vite om di eiga lommebok.
    • Løn og skatt: Kva er eigentleg skilnaden på brutto- og nettoløn?
    • Kjøpekraft: Kvifor kjennest det ut som om pengane blir mindre verde sjølv om du tener det same? Du vil då lære om prisindeks, KPI, kroneverdi og realløn.
    • Lån og kredittkort: Vi ser på dei økonomiske konsekvensane av å låne pengar slik at du kan ta smarte val i framtida.
  4. Statistikk: Du vil lære å analysere og presentere funn i datasett frå media og lokalsamfunnet. I det arbeidet kjem du til å lære å bruke ulike sentralmål (typetal, median, gjennomsnitt) og spreiingsmål (variasjonsbreidde, standardavvik) for å beskrive talmateriale på ein korrekt måte.
  5. Geometri: Her jobbar vi med korleis formlikskap, målestokk og eigenskapar ved figurar blir brukt i praktisk arbeid og berekningar.

Timetal: 3 timar i veka (ingen fagdagar)

Eksamen og vurdering: I matematikk 2P kan du bli trekt ut til skriftleg eksamen (sentralt gitt) eller munnleg-praktisk eksamen (lokalt gitt).

Rettslære 1 og 2 - Faget for deg som er interessert i lover og reglar
Bøker som benyttes til rettslære

 

Programfaget Rettslære handlar om å forstå korleis rettsreglar er med på å byggje opp og ta vare på eit demokratisk samfunn. Faget skal bidra til at elevane får kompetanse i gjeldande rett, og kunnskap om kva rettar og plikter kvar enkelt har. Elevane lærer å sjå ei sak frå fleire perspektiv og å kome med relevante og grunngitte argument. Dette er kompetanse som elevane vil ha stor nytte av både i vidare utdanning og i arbeidslivet.

Programfaget er delt inn i Rettslære 1 på Vg2 og Rettslære 2 på Vg3. I Rettslære 1 arbeider elevane med tema som familierett, arverett, forbrukarkjøpsrett, likestilling og reglar i arbeidslivet. I Rettslære 2 er det særleg fokus på erstatningsrett, menneskerettar, forvaltningsrett og strafferett.

I undervisninga diskuterer vi jamleg dagsaktuelle problemstillingar, noko som gjer faget både nyttig og relevant. Som ein elev uttrykte det: «Dette burde vere eit obligatorisk fag for alle!». Undervisninga er praksisnær og casebasert, der elevane arbeider med verkelege eller simulerte juridiske saker og får brukt reglane dei lærer til å løysa konkrete juridiske spørsmål. Vi jobbar mykje munnleg, både individuelt og i grupper, men det blir òg ein del skriving der elevane øver seg i å bruke den juridiske metoden. Døme på spørsmål vi arbeider med, kan vere om foreldra kan gjera deg arvelaus, om du kan påleggjast å arbeide overtid utan kompensasjon, eller om du har krav på ny mobil dersom batteriet sluttar å fungere etter tre år. Denne måten å arbeide på gjer teori meir levande og lettare å forstå.

Vi har òg hatt ekskursjonar der vi har besøkt Stortinget i Oslo eller deltatt i rettssaker her i Bergen. Hovudfokuset i faget er ikkje å pugge paragrafar. Sidan lovsamling og Lovdata er tillatne hjelpemiddel på prøver og eksamen, ligg vekta på å forstå lovteksten og å bruke han rett i praksis. Velkomen til eit nyttig og lærerikt fag.

I Rettslære 1 kan du bli trekt ut til munnleg eksamen. I Rettslære 2 kan du bli trekt ut til skriftleg og eller munnleg eksamen.

Sosiologi og sosialantropologi - Faget for deg som vil bli betre kjent med menneske og samfunnet
Elev stiller spørsmål i sosiologitimen

 

I sosiologi og sosialantropologi tar du utgangspunkt i eigne livserfaringar for å diskutere og utforske ulike problemstillingar som blir tatt opp i undervisninga. Saman lærer vi å forstå dei sosiale prosessane som alle menneske er ein del av gjennom heile livet. Dersom du likar å diskutere og drøfte spørsmål knytte til sosiale relasjonar, og å arbeide praktisk for å finne forklaringar og løysingar, er dette faget for deg.

I faget arbeider vi mellom anna med kva sosialisering og sosiale roller er i eit samfunnsvitskapleg perspektiv, kvifor nokre menneske hamnar utanfor samfunnet eller blir involverte i kriminalitet, og korleis vi kan utvikle kulturforståing og interkulturell kompetanse i møte med andre. Vi ser òg på kva som skal til for at både små og store samfunn skal fungere, med fokus på fordeling av gode, sosial ulikskap, internasjonal økonomi og berekraft.

Sosiologi og sosialantropologi er faget for deg som ønskjer å lære meir om korleis vi som enkeltindivid og grupper fungerer, både aleine og saman. Du lærer korleis samfunnsvitskaplege undersøkingar blir gjennomførte, slik at du kan analysere og forstå sosiale prosessar på ein fagleg og kritisk måte. Undervegs i faget vil du få djupare innsikt i dei sosiale relasjonane du sjølv er ein del av, og bli betre kjent med både deg sjølv og menneska rundt deg.

Faget er nyttig for alle samfunnsinteresserte elevar, særleg for deg som vurderer vidare studiar innanfor humanistiske og samfunnsvitskaplege fag som sosiologi, sosialantropologi, juss, statsvitskap, historie, journalistikk eller medievitskap. Arbeidsmåtane i faget er varierte og omfattar både tavleundervisning, klassediskusjonar, gruppearbeid, prosjektarbeid og aktiv bruk av massemedium. Det er stor vekt på ei praktisk tilnærming, der elevane får testa og brukt kunnskapen undervegs i læringsprosessen.

I sosiologi og sosialantropologi kan du bli trekt ut til munnleg eksamen i faget.

Sosialkunnskap - Faget for deg som ønskjer å forstå og forklare samspelet i samfunnet

Sosialkunnskap byggjer på faget sosiologi og sosialantropologi, men du treng ikkje å ha hatt dette faget for å velje sosialkunnskap. Det er til dømes fullt mogleg å kombinere begge faga og ta dei same skuleåret på Vg3.

Sosialkunnskap handlar om å styrke elevane si forståing av, og kritiske medvit om, velferdssamfunnet gjennom ulike faglege perspektiv, mellom anna psykologi, sosiologi, statsvitskap, økonomi, juss og noko filosofi. I faget er det viktig å ha god forståing for samfunnsvitskaplege metodar og å kunne sjå problemstillingar frå fleire perspektiv. Vi undersøker mellom anna kva for ulike svar ein kan få når ein ser ei samfunnsutfordring frå individet sin ståstad samanlikna med eit overordna strukturperspektiv.

Faget skal gi elevane verktøy til å forstå samanhengen mellom individ og samfunn, og til å reflektere over utfordringar og moglegheiter knytte til identitet og livsmeistring. Sosialkunnskap gir grunnlag for å drøfte korleis individ, grupper, organisasjonar og institusjonar verkar saman innanfor rammene av lover, politikk og økonomi i ulike fasar av livet. Elevane får innsikt i velferdsstaten sine institusjonar, lovverk og politiske styring, og arbeider med problemstillingar knytte til velferdsskilnadar, sosiale problem, marginalisering og utanforskap. Gjennom arbeid med inkludering i arbeidslivet førebur faget elevane på vidare studiar og yrkesliv.

I sosialkunnskap kan du bli trekt ut til skriftleg og eller munnleg eksamen.

Psykologi 1 og 2 - Lær om korleis psyken til menneska blir bygd
Psykologi.jpg

Psykologi 1 er eit fag som prøver å forklare menneske sine tankar og handlingar. Faget hjelper oss med å finne svar på ulike spørsmål om oss sjølve og andre, knytte til kvifor vi er som vi er. Du får lære om fleire psykologiske perspektiv, mellom anna det biologiske, behavioristiske, sosiale, kognitive, psykoanalytiske og humanistiske perspektivet. Vi ser for eksempel på korleis personlegdomen vår utviklar seg, og korleis vi som enkeltindivid blir sosialiserte inn i eit større samfunn.

Eit anna tema er åtferda vår, og korleis arv og miljø påverkar denne, og korleis desse faktorane verkar saman. Faget tar òg opp spørsmål knytte til livsmeistring og kva som kan bidra til god psykisk helse. Det er stort fokus på munnlege vurderingar i Psykologi 1, men elevane arbeider òg med caseoppgåver gjennom skuleåret, der teori blir knytt til praktiske døme.

Psykologi 2 byggjer vidare på Psykologi 1, men det er ikkje eit krav å ha hatt Psykologi 1 for å velje dette faget. Psykologi 2 utdjupar og kompletterer dei ulike områda frå Psykologi 1. Her arbeider vi mellom anna med kommunikasjon, kultur og samspelet mellom menneske i grupper, i tillegg til helsepsykologi og ulike former for behandling. Elevane jobbar med både skriftlege og munnlege oppgåver gjennom året.

I Psykologi 1 kan du bli trekt ut til munnleg eksamen i faget. I Psykologi 2 kan du bli trekt ut til skriftleg og eller munnleg eksamen.

Historie og Filosofi 1 og 2 – Frå antikkens visdom til moderne ideologiar
Elever får veiledning av lærer under gruppearbeid

 

Historie og filosofi er sett saman av historiefaget, som kanskje er eit kjent fag for deg, og filosofi. I historiedelen av faget jobbar vi med historia frå dei første menneska til i dag, og for deg som likar historie går dette programfaget mykje djupare inn i det enn fellesfaget historie har tid til. I tillegg lærer vi om korleis historie blei til vitskap og kva metodar vi har for å kunne vite noko om fortida i det heile tatt.

Filosofidelen av faget er ny og spanande for dei fleste. Det handlar eigentleg om å lære seg å tenke grundig gjennom korleis verda og vi menneske er. Dette øver vi på både skriftleg og særleg munnleg, gjennom filosofiske samtalar. Slike samtalar dreier seg om eit ope spørsmål som ikkje har noko fasitsvar, for eksempel eit spørsmål filosofen Aristoteles var opptatt av: «Kva er ein god ven?». Målet for samtalane er å finne så mange gode svar som mogleg, og å finne ut av kva som ikkje er gode svar. Vi øver oss i å bygge opp logiske tankerekker og finne gode argument for svara våre. Viss du likar, eller har lyst til å begynne å like, å tenke nøye gjennom slike store og djupe spørsmål, og å bli betre til å drøfte og argumentere, er dette faget for deg.

I Historie og filosofi 1 startar vi med dei første menneska og jobbar oss framover i historia til 1800-talet. Vi undersøker viktige historiske hendingar og korleis det var å leve i desse tidsepokane, i tillegg til at vi fordjupar oss i dei filosofiske spørsmåla dei var opptatt av. For eksempel undersøker vi kva forhold menneska hadde til naturen då vi levde som jegerar og sankarar og samanliknar med det moderne mennesket sitt forhold til dyr og naturen. Vi les nokre av mytane dei fortalde kvarandre for å skjøne kva dei tenkte om verda dei levde i og menneskelivet. Når vi jobbar med antikken, ser vi nærare på demokratiet, og vurderinga er typisk ein gruppesamtale der de skal drøfte om demokratiet er den beste styreforma. Då skal de helst bruke Platon og Aristoteles sine tankar når de drøftar. Når vitskapen veks fram på 1600-talet, undersøker vi kvifor og korleis det skjedde. Men vi prøver også å finne ut kva som er verkeleg og korleis vi kan vite noko om det, fordi filosofar som Descartes, Hume og Kant lurte på dette. Med andre ord får du både fordjuping i eldre (filosofi-)historie og øving i å tenke og drøfte store og viktige filosofiske spørsmål.

I Historie og filosofi 1 kan du bli trekt ut til munnleg eksamen.

Historie og filosofi 2 handlar om moderne tid. Då undersøker vi kva endringar som førte til den moderne verda, både når det gjeld korleis vi levde og korleis vi tenkte. Vi lærer om kva vitskap er og korleis den og teknologi pregar den moderne verda, om økonomiske teoriar og ideologiar og om demokratiet si rolle i moderne tid. Vi undersøker korleis vi kan vite kva som er sant, og kva konspirasjonsteoriar gjer med samfunnet. Vi jobbar med eksistensfilosofi og filosoferer over meininga med livet og kva gode etiske handlingar er. Og vi undersøker kva rolle historia spelar og korleis den blir brukt, både i samfunnet og i liva våre. Mange elevar synst at dette faget får dei til å forstå dei andre faga dei har betre, fordi det blir klarare korleis alt heng saman.

I Historie og filosofi 2 kan du bli trekt ut til skriftleg eller munnleg eksamen.

Historie og filosofi 2 bygger på Historie og filosofi 1, så det er ein fordel, men ikkje eit krav, å ha tatt HIFI1 før du tar HIFI2.

Engelsk 1 – Internasjonalt samarbeid og kulturell forståing
Elever jobber med engelsk utenfor klasserommet

Engelsk 1 er eit programfag som byggjer vidare på den grunnleggjande kompetansen i engelsk og gir djupare innsikt i dei globale perspektiva språket representerer. Faget handlar om å utvikle ei solid forståing av internasjonale forhold, kulturelt mangfald og kommunikasjon i ulike engelskspråklege samanhengar.

I Engelsk 1 lærer elevane å analysere og reflektere kritisk over aktuell tematikk knytte til globale utfordringar, teknologi og samfunnsutvikling i engelskspråklege kulturar. Dette inkluderer arbeid med ulike typar tekstar, som sakprosa, litteratur og film. Møte med varierte engelskspråklege tekstar er viktige for å forstå kulturelt mangfald og korleis engelsk blir brukt som verdsspråk. Det blir lagt vekt på å utvikle elevane si evne til å bruke engelsk trygt og presist i møte med menneske frå heile verda, både munnleg og skriftleg.

Ein stor fordel med å velje Engelsk 1 er førebuinga til høgare utdanning. Engelsk er arbeidsspråket i store delar av akademia, og stadig meir faglitteratur og undervisning, særleg på masternivå, føregår på engelsk. Ferdigheiter innan tekstanalyse, tekstproduksjon og munnleg framstilling er difor svært nyttige for vidare studiar.

Arbeidsmåtane i faget er varierte, med fokus på både munnlege og skriftlege ferdigheiter. Det blir lagt vekt på lesing av lengre og meir komplekse tekstar, skriving av analyserande tekstar og djupnelæring gjennom sjølvvalde emne, prosjektarbeid, presentasjonar og diskusjonar i grupper og i plenum. Faget krev jamt engasjement og interesse for det engelske språket og samfunnsforhold i den engelskspråklege verda.

I Engelsk 1 kan du bli trekt ut til skriftleg og eller munnleg eksamen.

 

Engelsk 2 – Litteratur, historie og global innverknad

Engelsk 2 byggjer vidare på kunnskapane og ferdigheitene frå Engelsk 1, men har eit endå sterkare fokus på litteratur, historie, politikk og den kulturelle arven i engelskspråklege land.

Elevane får høve til å fordjupe seg i litteraturhistorie, sjangrar og litterære verkemiddel, og arbeider med eit breitt utval komplekse litterære tekstar, frå eldre klassikarar til moderne verk. Litteraturen blir lesen, drøfta og tolka i lys av den historiske og kulturelle samanhengen tekstane er skrivne i. Ein viktig del av faget er òg å utforske og drøfte den språklege, kulturelle og politiske innverknaden nokre engelskspråklege land har hatt og framleis har i verda. I denne samanhengen arbeider elevane med å samanlikne samfunnsmessige og politiske tilhøve i to engelskspråklege land ut frå historiske perspektiv, der Storbritannia og USA ofte står sentralt.

Som i Engelsk 1, er Engelsk 2 eit fag som eignar seg godt som førebuing til høgare utdanning. I faget vidareutviklar elevane dei akademiske ferdigheitene som blir stilte krav til i studiar der engelsk ofte er hovudspråket for pensum og undervisning.

Også i Engelsk 2 er det tydeleg fokus på djupnelæring gjennom sjølvvalde emne, prosjektarbeid, presentasjonar og diskusjonar i grupper og i plenum. Arbeidsmåtane er prega av grundig arbeid med lesing av tekstar, inkludert film, der både sakprosa og litterære tekstar blir tolka og drøfta. Det blir arbeidd jamt med tekstskriving av både uformell og formell art.

Faget krev jamt engasjement og interesse for det engelske språket og for samfunnsforhold i den engelskspråklege verda. Tekstane er lengre og meir avanserte enn tidlegare, og det løner seg å følgje med på nyheiter og vere interessert i politiske og samfunnsmessige utviklingstrekk. Den politiske utviklinga i land som USA og Storbritannia gjer det nødvendig å sjå notida i lys av historia, og fordi endringane skjer raskt og i stort omfang, er det viktig å halde seg oppdatert for å forstå heilskapen i samfunnet.

I Engelsk 2 kan du bli trekt ut til skriftleg og eller munnleg eksamen.

 Økonomistyring og Økonomi og leiing - Frå rekneskapsføring til strategiske val  
Elever arbeider i klasserommet

 

Faget gir deg kunnskap som er nyttig både i studiar, arbeidsliv og privatøkonomi.

 

Kvifor velja næringslivsøkonomi?

Næringslivsøkonomi er eit spennande og aktuelt fag som gir god forståing av korleis bedrifter blir styrte økonomisk. Du lærer å ta gode, lønsame og berekraftige avgjerder, og får samstundes nyttig innsikt i privatøkonomi. Faget gir eit solid grunnlag for vidare studiar innan økonomi og administrasjon, og kompetansen er etterspurd i arbeidslivet uavhengig av yrkesval.

 

I Økonomistyring (Vg2) lærer du om selskapsformer, priskalkulasjon, budsjettering og rekneskapsføring. Du arbeider med å analysere rekneskap og budsjett for å leggje til rette for betre økonomisk og berekraftig styring av bedrifter.

 

I Økonomi og leiing (g3) analyserer du konkurransesituasjon, prisfastsetjing og produksjonsnivå under ulike marknadsformer. Du arbeider med priskalkylar, lønsemds- og risikoanalysar, samt budsjettering av kapitalbehov og vurdering av lønsemd og finansiering av investeringar. Faget omfattar òg leiings- og organisasjonsteori.

 

Vi prøver å få til bedriftsbesøk i løpet av skuleåret for å vise korleis teorien frå klasserommet blir brukt i bedrifter sitt daglege økonomiarbeid. For å lukkast i faget krevst jamn og målretta innsats både heime og på skulen gjennom heile skuleåret. Oppgåveløysing er viktig for å oppnå god forståing. Det blir brukt mykje Excel i undervisninga, noko som gir nyttige ferdigheiter for vidare studiar og arbeidsliv. Faget krev ikkje avansert matematikk på vidaregåande nivå, men interesse for tal, analysar og strukturert arbeid er viktig.

Dersom du ønskjer å studere økonomi etter vidaregåande, bør du vere merksam på at fleire økonomistudiar krev matematikk R1 eller S1 + S2, som inneber meir matematikk enn generell studiekompetanse.

I både Økonomistyring og Økonomi og leiing kan du bli trekt ut til skriftleg eller munnleg-praktisk eksamen.

Samfunnsøkonomi 1 og 2 - Forstå økonomien rundt deg
Undervisning i samfunnsøkonomi

 

Samfunnsøkonomi 1 handlar om korleis økonomien påverkar kvardagen vår. I faget lærer du kvifor prisar går opp og ned, kvifor nokre har arbeid medan andre er arbeidslause, og korleis staten brukar pengar på skule, helse og velferd. Faget gir deg ei grunnleggjande forståing av korleis Noreg og resten av verda heng saman økonomisk.

Du lærer mellom anna om tilbod og etterspurnad, arbeidsmarknaden, økonomisk vekst, handel mellom land og berekraftige val. Vi nyttar aktuelle døme frå nyheiter og samfunnsdebattar slik at stoffet blir relevant og forståeleg. Undervisninga er variert og omfattar samtalar, gruppearbeid, enkle analysar, korte skriveoppgåver og praktiske oppgåver. Elevane får øve på å forklare økonomiske samanhengar med eigne ord og bruke enkle modellar for å forstå verkelegheita. Nokre gonger arbeider vi også prosjektbasert, til dømes med presentasjonar eller podkastar.

Vurderinga i faget kan bestå av prøver, munnlege aktivitetar, skriftlege oppgåver og undervegsvurdering med rettleiing. Lærebok og aktuelle nyheitssaker blir brukte aktivt.
Du kan bli trekt ut til munnleg eksamen i Samfunnsøkonomi 1.

Samfunnsøkonomi 2 byggjer vidare på det du lærer i Samfunnsøkonomi 1 og går meir i djupna på korleis økonomiske val påverkar samfunnet. Faget passar for elevar som ønskjer ei betre forståing av politikk, samfunnsutvikling og globale utfordringar.

Du lærer om korleis styresmaktene styrer økonomien gjennom skattar, statsbudsjett og renter, og korleis sentralbanken og staten prøver å påverke inflasjon og arbeidsløyse. Vi ser også på ulikskap, miljøutfordringar, internasjonal handel og Noreg si rolle i verdsøkonomien. I undervisninga arbeider vi mykje med aktuelle problemstillingar og døme frå verkelegheita. Elevane diskuterer, samarbeider i grupper, analyserer enkel statistikk og jobbar med både munnlege og skriftlege oppgåver. Faget handlar ikkje om pugging, men om å forstå samanhengar og kunne forklare og vurdere ulike val.

Du kan bli trekt ut til munnleg og skriftleg eksamen i Samfunnsøkonomi 2.

Marknadsføring og leiing 1 og 2 - Lær korleis bedrifter tenkjer, handlar og leier

Elever med spørsmål i klasserommet

Marknadsføring og leiing er fag som lærer deg korleis bedrifter skaper verdiar og byggjer relasjonar i ein marknad prega av stadig endring. Faget handlar om langt meir enn reklame; det dreier seg om å forstå menneskelege behov, utvikle strategiar og utøve god leiing for å nå mål i eit komplekst samfunn.

Marknadsføring og leiing 1 ligg fokuset på det grunnleggjande. Du lærer om forbrukaratferd og psykologien bak kvifor vi handlar som vi gjer. Sentralt står òg marknadsundersøkingar og situasjonsanalyse, der du kartlegg både bedrifta sine interne styrkar og dei eksterne moglegheitene i marknaden. Du blir introdusert for konkurransemidla (dei fire p‑ane: produkt, pris, plass og påverknad) og lærer korleis desse blir brukte for å nå bestemte målgrupper.

Marknadsføring og leiing 2 blir blikket løfta mot eit meir strategisk og heilskapleg nivå. Her går du djupare inn i merkevarebygging og korleis ein posisjonerer ei bedrift i medvitet til kundane. Leiing og organisasjonsutvikling får ein større plass, og du lærer korleis leiarar kan motivere tilsette og byggje ein sunn organisasjonskultur. Eit viktig element i læreplanverket (LK20) er berekraft og etikk; du skal kunne drøfte bedrifter sitt samfunnsansvar og vurdere korleis økonomisk vekst kan sameinast med sosiale og miljømessige omsyn.

Elevane seier at faget blir opplevd som relevant som førebuing til arbeidslivet. Som ein elev uttrykkjer det:
«No forstår eg samanhengen mellom teori og praksis, sidan eg jobbar i butikk.»

Undervisninga er variert og prega av prosjektarbeid, presentasjonar og case‑studiar frå verkelege bedrifter. I Marknadsføring og leiing 2 er det òg større fokus på skriftleg arbeid.

Marknadsføring og leiing 1 kan du bli trekt ut til munnleg eksamen.
Marknadsføring og leiing 2 kan du bli trekt ut til skriftleg og/eller munnleg eksamen.

Breiddeidrett - Eit fag for deg som ønsker variasjon i kvardagen
Skolens basishall

Breiddeidrett er eit allsidig og inkluderande fag som gir elevane høve til å utvikle ferdigheiter, kunnskap og treningsglede på tvers av ulike idrettar. Faget passar for elevar som ønsker å vere aktive, lære nye bevegelsesformer og oppleve meistring i eit trygt og motiverande læringsmiljø.

I breiddeidrett arbeider elevane med eit breitt spekter av aktivitetar – frå ballspel, uthaldsidrettar og styrketrening til friluftsliv, dans og alternative bevegelsesformer. Undervisninga legg vekt på både praktiske ferdigheiter og teoretisk forståing knytt til trening, helse og idrettsleg utvikling. Elevane får òg delta på fagdagar der vi utforskar idrettar som klatring, skøyter og padel.

Faget fremjar samarbeid, inkludering og sosial utvikling. Gjennom varierte aktivitetar får elevane erfaring med å arbeide i lag, ta ansvar, kommunisere og støtte kvarandre. Det blir også lagt til rette for at elevane kan utforske eigne interesser og styrkar, samstundes som dei blir utfordra i nye og ukjende idrettar.

Breiddeidrett passar for dei aller fleste – både for elevar som har vore svært aktive innan idrett, og for dei som ønsker å utvikle nye ferdigheiter eller prøve nye aktivitetar. Målet er ikkje spesialisering, men utvikling av brei idrettsleg kompetanse. Faget krev høgt oppmøte og deltaking, då vurderinga skjer gjennom observasjonar i undervisninga. Det skil seg frå kroppsøving gjennom eit tydelegare idrettsleg fokus og ved at ferdigheitsnivå inngår i vurderinga.

Eksamensforma er munnleg‑praktisk med ein førebuingsdel.

Fremmedspråk nivå III (nettskule eller privatist)

Har du fransk II, tysk II eller spansk II, kan du ta nivå III som programfag til val i Vg3. Programfaget tel då som ei fordjuping innan språk, samfunnsfaglege og økonomiske fag.

Undervisninga er nettbasert og blir arrangert av fylkeskommunen på tysdagar og ettermiddagstid. Dette gjer det mogleg å kombinere faget med andre programfag ved eigen skule.

Ta kontakt med avdelingsleiar dersom du ønskjer å ta nivå III i framandspråket ditt.

 

Fag

Matematikk R1 og R2
R1.jpg

Matematikk R1 byggjer vidare på 1T og introduserer geometri, algebra og funksjonslære på eit høgare nivå. Elevane lærer om vektorar i planet, logaritmar, kombinatorikk og sannsyn, og dessutan funksjonsdrøfting med derivasjon. Faget fokuserer på både rein matematisk teori og matematisk modellering av verkelegheita. Bruk av digitale verktøy for å løyse problem og visualisere samanhengar er ein sentral del av opplæringa.

Matematikk R2 byggjer vidare med emne som integralrekning, differensiallikningar, følgjer og rekker, og dessutan trigonometriske funksjonar. Vektorrekninga blir utvida til tre dimensjonar (romet), noko som er essensielt for å skildre den fysiske verda. Faget legg stor vekt på matematisk bevisføring, logiske resonnement og djupneforståing. Elevane lærer mellom anna å bruke matematikk til å skildre vekst, endring og fysiske prosessar.

Saman gir faga eit godt grunnlag for studium innanfor ingeniørfag, realfag, medisin, teknologi og økonomi. Dei utviklar evna til abstrakt tenking, strukturert nøyaktigheit og evna til å sjå mønster i komplekse system. For å lukkast i R-matematikk er det viktig med eit solid fundament frå 1T, og dessutan gode arbeidsvanar. Matematikk er språket ein bruker i fysikk, og det er difor ei sterk tilråding å kombinere R-matematikk med fysikk, då faga drar stor nytte av kvarandre.

I både R1 og R2 kan ein bli trekt ut til anten sentralt gitt skriftleg eller lokalt gitt munnleg-praktisk eksamen. Munnleg-praktisk eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Skriftleg eksamen skal ikkje ha førebuingsdel, medan munnleg-praktisk eksamen skal ha førebuingsdel.

 

Fysikk 1 og Fysikk 2 - Grunnlaget for naturens lover
Fysikk.jpg

Fysikk 1 og 2 gir saman grunnleggjande innsikt i lovene i naturen og metodar for å utforske dei.

Fysikk 1 introduserer bevegelse, krefter, energi og mekanikk med fokus på observasjon, modellbygging og rekne­modellar. Elevane lærer mellom anna om Newtons lover, arbeid og energi, elektrisitet, termofysikk, atomfysikk og astrofysikk – i tillegg til praktisk bruk av formlar i eksperiment og problemløysing. Måleteknikk blir vektlagt for å utvikla kritisk vurdering av data.

Fysikk 2 byggjer vidare med mekanikk, elektromagnetisme, gravitasjon og moderne fysikk. Moderne tema som relativitetsteori og enkel kvantemekanikk blir presenterte for å gi forståing av bevegelse i tid og rom, gravitasjon og oppbygginga av materien. Praktiske øvingar, laboratoriearbeid og oppgåver/problemløysing styrkjer evna elevane har til å bruke matematikk som språk i fysikk.

Saman gir kursa både teoretisk grunnlag og praktisk erfaring som førebur elevane på vidare studium innan naturvitskap og teknologi, og som vidareutviklar analytisk tenking og eksperimentell kompetanse.

I fysikk er det viktig med gode ferdigheiter i matematikk (algebra, funksjonar og trigonometri) for å kunna løyse oppgåver og forstå teorien. Det er difor anbefalt å kombinere fysikk med R-matematikk.

Fysikk 1 kan du bli trekt ut til ein munnleg-praktisk eksamen med førebuingsdel.
Fysikk 2 kan du bli trekt ut til ein skriftleg eksamen eller ein munnleg-praktisk eksamen. Skriftleg eksamen skal ikkje ha førebuingsdel, medan munnleg-praktisk eksamen skal ha førebuingsdel.

Kjemi 1 og 2 - Oppbygginga, eigenskapane og reaksjonane til stoff
Kjemi.jpg

 

Kjemi handlar om oppbygginga, eigenskapane og reaksjonane til stoff og materiale. Faget skal gi deg som elev grunnlag for å kunne forstå den fysiske verda vår og førebu deg på vidare studium og eit arbeids- og samfunnsliv.

I Kjemi 1 vil du arbeide med å forstå faglege omgrep, kjemisk terminologi, reaksjonslikningar, symbol, modellar, grafar og figurar. Modelltankegangen er viktig i kjemi for å forklare observasjonar og kjemiske fenomen.

Du vil gjennomføre ein del praktisk laboratoriearbeid der det er viktig å sjå samanhengen mellom teori, modellar og observasjonar. Du vil læra å skrive ein skriftleg rapport til det praktiske laboratoriearbeidet. Rekneoppgåver er viktige i kjemi, og det vil du bruke mykje tid på. Matematikken du bruker er ikkje avansert, men det er viktig at du er trygg på det grunnleggjande. Det er ein fordel om du har R1 som matematikkfag.

Kjemi 2 byggjer på Kjemi 1. Du må ha eit godt grunnlag frå Kjemi 1, då Kjemi 2 er fagleg meir krevjande enn Kjemi 1. Du vil arbeide med faget på same vis som i Kjemi 1, men det blir stilt større krav til at du kan sjå samanhengar mellom ulike delar av faget. Det blir føresett at du hugsar kva du har lært i Kjemi 1.

I Kjemi 1 kan du bli trekt ut til ein munnleg-praktisk eksamen med førebuingsdel. I Kjemi 2 kan du bli trekt ut til ein skriftleg eksamen eller ein munnleg-praktisk eksamen. Skriftleg eksamen skal ikkje ha førebuingsdel, medan munnleg-praktisk eksamen skal ha førebuingsdel.

Biologi 1 og Biologi 2 - Læra om livet
Biologi.jpg

 

Biologifaget handlar om livet i all sin variasjon – frå celler og mikroorganismar til dyr, plantar, menneske og heile økosystem. Faget undersøkjer korleis levande organismar er bygde opp, korleis dei fungerer, korleis dei påverkar kvarandre, og korleis livet har utvikla seg over tid. Elevane lærer òg om arv og genetikk, berekraft, miljøutfordringar og korleis vitskapleg kunnskap blir utvikla gjennom observasjon og forsking.

Nytten av biologifaget er stor. Elevane får:

  • Forståing av kroppen sin – korleis organ, helse og livsstil heng saman.
  • Innsikt i naturen og miljøet, og korleis plantar og dyr fungerer – noko som gjer dei betre rusta til å ta berekraftige val.
  • Kunnskap som er nyttig i mange yrke, til dømes innan helse, forsking, bioteknologi, miljøforvaltning og undervisning.
  • Trening i kritisk tenking og vitskapleg metode, som er verdifull uansett framtidig utdanning eller yrke.

 

Kort sagt gir biologifaget både praktisk nytte i kvardagen og eit solid grunnlag for vidare studium og samfunnsforståing. Vi har mange elevøvingar der vi knyter saman teori og praksis, i tillegg til feltarbeid.

Biologi 1 og Biologi 2 kan takast uavhengig av kvarandre, men vi anbefaler å ha Biologi 1 før Biologi 2.

I Biologi 1 kan du bli trekt ut til ein munnleg-praktisk eksamen med førebuingsdel.


I Biologi 2 kan du bli trekt ut til ein skriftleg eksamen eller ein munnleg-praktisk eksamen. Skriftleg eksamen skal ikkje ha førebuingsdel, medan munnleg-praktisk eksamen skal ha førebuingsdel.

Geofag 1- Å forstå samspela i jordsystemet – mellom ulike sfærar og naturprosessar
Geofag.jpg

Geofag, der «geo» betyr jord, er eit naturvitskapleg fag som fokuserer på å forstå samspel mellom dei mange «sfærane» til jorda, eller jordsystema. Faget strekkjer seg frå det som skjer djupt inne i jordas indre – i geosfæren – og heilt ut til vêrsystema i atmosfæren. Denne heilskaplege tilnærminga gir ei unik innsikt i korleis jorda fungerer som eit samanhengande system. Slik kunnskap er avgjerande for å forstå utviklinga til jorda, både bakover og framover i tid.

Relevansen til faget er svært høg i møte med dei globale utfordringane i dag. Sentrale og dagsaktuelle tema som klima og klimaendringar, utvikling av fornybare energiressursar og handtering av naturfarar utgjer ein viktig del av faget. Ved å få inngåande kunnskap om desse felta vil elevane i geofag stå betre rusta til å ta del i den offentlege debatten og bidra til å finne berekraftige løysingar.

Geofag 1 ligg hovudfokuset på tre av sfærane til jorda: hydrosfæren, kryosfæren og geosfæren. I hydrosfæren blir ressursar og prosessar knytte til ferskvatn undersøkte. I geosfæren er fokuset retta mot den indre strukturen til jorda, jordskorpa, samt danning og utnytting av bergartar og mineralressursar.
I kryosfæren er det den sterke erosjonsevna til isbreane og landformene dei skaper som står sentralt.

Eit viktig og praktisk aspekt ved faget er førebygging og tilpassing til naturfarar som oppstår i desse sfærane, som til dømes flaum og skred, i tillegg til tektoniske farar som jordskjelv og vulkanisme.

Læreplanen føreset stor grad av elevaktivitet og feltarbeid. Gjennom faget tileignar elevane seg kunnskap om naturvitskaplege metodar og undersøkingar som er nødvendige for å utforske og modellere prosessane til jorda. Både fagdagar og fleire dobbelttimar blir brukt til ekskursjonar og feltarbeid. Nærområdet vil avgjera kva geologiske tema og landformer som er aktuelle. Geofag kombinerer teoretiske og praktiske oppgåver, der feltarbeid utgjer ein sentral del av læringsmetodikken.

Denne kombinasjonen av teori og praksis førebur elevane på den munnleg-praktiske eksamenen i Geofag 1, og gir dei ei solid plattform for vidare studium og arbeid med den komplekse dynamikken i naturen.