Innføringskurs er eit tilbod til deg som kan lite norsk. Målet med innføringskurset er å lære norsk og andre fag som gjer det lettare for deg å starte på vidaregåande skule året etter. Du kan søkje deg videre til studiespesialiserande eller yrkesfag etter innføringskurset.
Tertnes starta opp med dette tilbodet i mars 2022. Vi har to klasser med 15 elevar. Til saman 30 plasser på dette tilbodet. Det første halvåret hadde vi elevar frå Ukraina. Skuleåret 22-23, 23-24 og 24-25 har vi og hatt elevar frå andre nasjonalitetar i desse klassane våre.
Faga du møter i dette tilbodet er norsk, engelsk, matematikk, naturfag, samfunnsfag og kroppsøving. I tillegg til dette har klassen ein time i veka med kontaktlærar der ein har fokus på klassemiljø og å ha det kjekt i lag. På slutten av året vil du få ei vurdering utan karakter i desse faga. Du vil også få karakter i orden og oppførsel.
Kven kan søkje?
Du må ha fylt 16 år
Du må ha fullført grunnskule i heimlandet
Dersom du har fått norsk fødsels- og personnummer, og du har fått kodar/passord frå MinID kan du søke på VIGO.
Dersom du ikkje har dette ta kontakt med inntakskontoret.